LG-2017-69967

Eit fiskeoppdrett med nødvendige løyver kom til å ligge innafor eit forbodsområde som følgje av forskrift [FOR-2010-08-30-1510 § 4] gitt med heimel i sikkerheitslova § 18a. Bakgrunn for forskrifta var omsyn til trygging av Sjøforsvaret som hadde ein lyttestasjon i området. Den vidare drift av oppdrettsanlegget vart uklar som følgje av forskrifta og det vart reist søksmål for å få fastsett rammene til sikkerheitslova § 18a i høve til dette anlegget. Lagmannsretten kom fram til at verken ordlyden i lova, forarbeid eller praksis tilsa at sikkerheitslova ga heimel til å forby drift av eksisterande verksemd, sette rammer for framtidig endringar i eksisterande verksemd eller til å forby tilsette eller andre tilkomst til anlegget eller pålegge dei å fråvike anlegget. Stikkord: Samfunnssikkerhet. Forbodsområde. Sikkerhetsloven § 18a.
Lovdata – Siste avgjørelser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *