LG-2018-40075

Etter at Høgsteretts ankeutval to gonger oppheva dom frå lagmannsretten i same sak, kom lagmannsretten til at ankande part sin påstand måtte sjåast på ei påstandsutviding i strid med tvistelova § 29-4. To sambuarar hadde under saksførebuinga til tingretten lagt ned felles påstand om erstatning, men påstanden vart seinare splitta i to like beløp. Då den eine sambuaren ikkje fekk medhald i at ho hadde krav på erstatning, la den andre sambuaren for lagmannsretten ned krav om erstatning tilsvarande den tidlegare felles påstanden. Lagmannsretten kom til at det ikkje var rom for å gjera dette, då det måtte leggjast til grunn kravet galdt eit «avgjort krav» og at vilkåra etter tvistelova § 29-4 tredje lekk var til hinder for ei påstandsutviding. Stikkord: Sivilprosess. Ny behandling. Påstandsutviding. Tvistelova § 29-4.
Lovdata – Siste avgjørelser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *